Har du fått med deg vår eiga landbruksavtale til deg?

Ei av landets viktigste næringar er landbruket. Hadde ikkje landbruket vore her, er det sanneleg mykje anna som heller ikkje hadde vore her. Vi pratar om store ringverknader i heile regionen og landet vårt takka være deg. Lokalhandelen er så viktig for oss alle, men ein ser kvar dag at verdiane våre flyg ut frå distriktet og til storbyane. Det må vi få slutt på. Einig?

-Ynskjer å ta i eit ekstra tak for landbruket

Vi skal halde fram vår rolle som samfunnsbyggjar, og vi ynskjer å gje attende noko meir.

Høgare pris på kjøtet og mjølka di kan vi ikkje bidra med, men vi skal ta i eit tak der vi kan. Vi har derfor laga ei eiga strømavtale til deg som er gardbrukar, til deg som held liv i bygda der du bur.

 

Landbruksspot - for deg som driv landbruk

Graf som viser frø som spirer.

Spotpris + påslag 2,99 øre/kWh + fastbeløp 15 kr/mnd

 

Vi er glade for å kunne tilby deg som er bonde ei av landets mest konkuransedyktige strømavtalar. Avtala er laga til deg som er gardbrukar, uansett kor i landet du held til. Uansett om du driv med ku eller korn, om du er medlem i ein landbruksorganisasjon eller ei.

Landbruksspot er ei heilt vanleg spotprisavtale, sjølvsagt utan skjulte kostnadar, bruddgebyr eller bindingstid. 

Er du eksisterande kunde i Eidefoss vil du ikkje merke nokon forskjell på å byte avtale. Du får månadleg faktura (både strøm og nettleie) frå oss som før. Du kan enkelt byte avtale ved å nytte skjemaet under, sende oss ein e-post eller ringe vår trivelege kundeservice tlf 61238200.

Ynskjer du å byte til Landbruksspot, og er ikkje kunde frå før?
Då nyttar du skjemaet under, sender oss ein e-post eller ringer vår trivelege kundeservice tlf 61238200. Vi sørgjer for avslutning hjå din nåværande leverandør, og varslar ditt lokalt nettselskap om bytet. I byrjinga av neste månad mottek du din fyrste strømfaktura frå oss.

*Den einaste forsutsetninga for å benytte deg av tilbodet er at du driv landbruk i Noreg, er registrert med organisasjonsnummer og næringskode innanfor landbruk.

 

Ser du ikke skjema, kan du åpne det i nytt vindu.